SKRUK+ Andes+ Kaukasus+ Romsdalsalpene = Fredsprosjekt!

Skruk møter det verdsleiande panfløyte-ensemblet Altiplano de Chile og handplukka musikarar frå Aserbajdsjan til ein konsert som er den største satsinga Moldejazz har gjort i Molde Domkirke nokon gong.

Vi set opp to konsertar, klokken 18:00 og 21:30.

SKRUK - Altiplano De Chile - Siyavoush Kerimi Ensemble

SKRUK møter verdensartistar frå Kaukasus og Andes til fredskonsert i Molde domkirke

I dag har vi fått smake både fordelar og ulemper ved å være ein del av den globaliserte verda. Ei utfordring denne nye verdssituasjonen ber med seg er om vi, dei forskjellige kulturane, har evne til å møte kvarandre på ein fruktbar måte; med nyfikenheit, åpenheit og respekt.

Tør vi å rykkje ordet «toleranse» ut av klisje-listene våre og la det få røyne sitt berraste sjølv, i vår eigen hage?

Vi veit det: Ord ber skaparkraft i seg, men orda kan også drepe. Ordet er eit fantastisk verktøy for kommunikasjon og formidling, men det kan også bære potensiale for mistydingar, i seg. Dette gjeld og kroppsspråk og humor.
Musikk derimot, har ikkje det samme potensiale for mistydingar. Musikken brukar tydeleg andre kanalar. Den går omvegen gjennom hjarte og til hjerna, og kommuniserer, paradoksalt nok, meir direkte og på ein «reinare» måte, kven vi er.
Når musikk blir resultat av hardt samarbeid, og på tvers av ulike kultur- og språkforskjellar, gir dette nye erfaringer og ny forståing til dei som er involvert. Kanskje til publikum også.

Dette er utgangspunktet når Moldejazz utfordrar SKRUK til ein kyrkjekonsert der koret møter verdensartistar frå Kaukasus og Andes. Spenninga har alt meldt seg hos artistane: Vil dette bli eit kulturkræsj, eller kan det bli ein konsert for fred, respekt, og ikkje minst nyfikenheit på kva skattar vi har å dele med kvarandre?
Når Andes og Kaukasus slik kjem Romsdalsalpane og Skruk i møte så vert dette å rekne som eit fredsprosjekt!

Sist gong Skruk vitja Moldejazz i 2015 og 2016 vart det begge gonger tre utselde hus, ein kan rekne med at det blir utseld denne gongen og.

Siyavoush Kerimi Ensemble
Komponist, musikar og sjef for Det Nasjonale Musikkonservatorium i Baku, Siyavoush Keremi, har sett saman eit ensemble med solist og musikarar blant dei fremste artistane i
Aserbajdsjan. Dei spelar på stadtypiske instrument som Kamancha, Tar, Balaban, Daph og Oud.

Altiplano de Chile, med den legendariske leiaren Mauricio Vicencio. Dette er verdensmusikarar frå Chile, Peru, Ecuador og Colombia. Dei spelar på stadtypiske instrument frå Andes; varierte typer av fløyter og strengeinstrument i tillegg til diverse perkusjonsinstrument. Mange vil huske dei frå «Slipp mine fløyter fri» saman med SKRUK på starten av 1990-talet.

SKRUK
Norsk kor med 50 erfarne songarar frå heile Norge. Dei har turnert i Skandinavia, Tyrkia, Iran, Aserbajdsjan, Sør-Amerika, samt både aust- og vestkysten i USA. Dirigent er Per Oddvar Hildre.

SKRUK - Altiplano De Chile - Siyavoush Kerimi Ensemble
Molde Domkirke 690,- inkl.gebyr
SKRUK - Altiplano De Chile - Siyavoush Kerimi Ensemble
Molde Domkirke 690,- inkl.gebyr