Vårsøg 75 år
Henning Sommerro med teaterkonsert som hyller Hans Hyldbakk - og freden.
Teatret Vårt si gåve til Moldejazz 60 år
Hyldbakk skreiv Vårsøg i 1945 og diktet feirar no 75-årsjubileum. Teksten uttrykker gleda over våren - og over frigjeringa som var i anmarsj.
Moldejazz har eit langt samarbeid med Teatret Vårt. Teaterkonserten der Sommerro har med seg John Pål Inderberg, Julie Støp Husby og Sara Fellman er derfor ei særs høveleg feiring av både jazz, teater og det jordnære håpet om ei lysare framtid.
Gruppa «Vårsøg» med Sommerro i spissen platedebuterte i 1977 med kanskje den mest kjente viseversjonen av diktet med Sommerros melodi. Gruppa hadde sin siste konsert på legendariske Naustet Vårt under Moldejazz i 1980.
Henning Sommerro har samarbeidd mykje med Hyldbakk. Til teaterkonserten har han skreddarsydd nye arrangement av eigne melodiar, og med utgangspunkt i Vårsøg tatt eit nytt blikk på Hyldbakks tekster.
Hans Hyldbakk skreiv sjølv i «Vårbrev 1945» at han hadde stor von for våren:
“...i år er trua og vona større og rikare enn nokon gong før, for no lovar våren meir enn på lenge, (...) det ser ut til at sommaren kjem med den freden i fanget, som vi har venta så sårt på. Alt tyder på at no kan det ikkje vera lenge att før krigen er slutt."
Tekster: Hans Hyldbakk, Musikk: Henning Sommerro, Regi: Kristian Lykkeslet Strømskag, Tekstutvalg: Svein Sæter, Dramaturg: Julie Støp Husby
Medverkande:
Henning Sommerro, John Pål Inderberg, Sara Fellman, Julie Støp Husby


